I år har me ei utstilling av måleri av kunstnaren Bjørn Krogstad, som vaks opp i den vesle grenda ved Kringsjå kraftstasjon.
Mållaget har med ei dialekt-tevling, bunadsnemnda syner ulike hovudplagg og har med bøkene om Ivelandsbunaden og Ivelandstrøya. Du kan ogso få prøva teknikken for å fletta ei «Eftevann-flette», som er eit hårband som kan brukast til bunaden.
Mållaget, ungdomslaget og bunadsnemnda sørgjer for mat og drikke – grilla pølser og nysteikte vaflar, saft og kaffi.
Dette er fyrste opningsdagen denne sesongen, og museet er ope frå kl. 11.00 - 17.00. Aktivitetane på Open dag er mellom kl. 12.00 - 15.00.
Seinare i sumar er det ope på museet med omvising kvar sundag t.o.m. 16. august. Den tradisjonelle museumsdagen er i år 23. august. For meir info kan du fylgja «Iveland og Vegusdal bygdemuseum» på facebook.