Pengegave til driftig gjeng

Søknadsfristen for det årlige Voss-stipendet er 1. februar. I år kom det inn fem søknader. Beslutningen om årets prisvinner ble tatt i februar måned, og vi gjengir her søknadsteksten til aktivitetsgruppa ved Vatnestrøm grendelag:

Vatnestrøm Grendelag vedtok på årsmøtet 3. mars 2017 å starta eit bygdeutviklingsprosjekt for Austbygda. Målet er både å få ei trivelegare bygd å bu i, og å auka folketalet. Me meiner det er eit stort potensial for tilflytting, ikkje minst på grunn av alle arbeidsplassane og pendling inn til bygda. Og me har ny og fin barnehage, skule og hall. Å få fleire innbyggjarar i Austbygda er viktig for å vera eit levedyktig lokalsamfunn, ikkje minst for å behalda skulen og butikken. Me meiner eit betre og meir aktivt nærmiljø er ein avgjerande faktor for at folk vil flytta til, og sjølvsagt òg viktig for oss som alt bur her. Det er på dette området me har fått til mest. Aktivitetsgruppa, som er ei undergruppe i Vatnestrøm grendelag, har ansvar for drifta av grendehuset Aktiviteten, som er den gamle barnehagen som grendelaget leiger av kommunen. Gruppa har òg ansvar for å skipa til sosiale aktivitetar, og utleige til private og organisasjonar. Grendehuset vert meir og meir brukt; til søndagskafé, kulturkveldar, møte, kurs, barnegebursdagar, konfirmasjon og dåp. Og frå hausten 2018 har ungdomsklubben Moonlight hatt ein ungdomskveld i månaden, noko som er svært positivt for ungdomen i vår del av kommunen. Drifta av Aktiviteten vert for ein stor del finansiert med basarar, og med hjelp av dugnadsarbeid. Me har kunna gjera ein del investeringar med hjelp av oppstarttilskot frå kommunen og gåver frå bedrifter og private. Bygget er pussa opp, og har m.a. fått ny varmepumpe, ein god projektor og stort lerret. Men særleg med tanke på ungdommen og Moonlight-kveldane, vil me gjerne gjera nokre investeringar til. Det aller viktigaste er å få kopla til breiband på fiber, og så ynskjer me å kjøpa inn eit biljardbord. Dette kan realiserast med VOSS-stipendet for 2019.

Iveland kommune gratulerer med årets Voss-stipend og håper og tror på en videre positiv utvikling ved Aktiviteten!

Kontaktinformasjon

  • Leder av Vatnestrøm grendelag, Nina Bekke, 971 94 072