Unike historier
Få nordmenn har brukt så mykje tid som Tomm Kristiansen blant Afrikas folk - halve livet har han brukt på å reise på kryss og tvers gjennom kontinentet. Han har møtt høvdingar og
arbeidsledige, flittige kvinner og ungar - på landsbygda og i store byar. I ein periode var han óg rådgjevar for presidenten i Sør-Sudan.
På vegen har han samla historier. Tomm Kristiansen vil fortelje historiene om nokon av dei han har møtt i Afrika. Han vil fortelje om livsviljen og livsvisdomen han har opplevd i bushen og i storbyane på dette store kontinentet. Sjølv om ikkje alle historier ender godt, tør vi love ei uforglemmeleg time med ein av NRK sine mest markante formidlarar.
Tomm Kristiansen er radioreportar, journalist og forfattar. I over 30 år jobba han for NRK. I to perioder var han korrespondent i Harare, noko som ga han tilnavnet ”stemma frå Afrika”.
Inngang kr. 100,- (vipps). Boksalg. Enkel servering.
Aktuelle linker
- Tomm Kristiansen - Afrikanske fortellinger (Cappelen Damm)
- Tomm Kristianen (Wikipedia)