Informasjon om turen

Frå Grosås går me den gamle byvegen over Ilversåsen til Fiskevatn. Denne kløvvegen som her var i bruk fram til 1850-åra kom frå Evje og gjekk over Ivelands vestheier. Den kom ned ved Kringsjå som ligg nord for Grovane i Vennesla. Frå Fiskevatn fylgjer me driftevegen til den fråflytta garden Heia like nordvest for Rossås.

På tilbakevegen mot Grosås fylgjer me sporene etter skulevegen som borna på Heia brukte. Skulen på Grosås blei bygd kring 1894 nedlagd i 1939. Då måtte elevane til Skaiå skule og fekk dermed lengre veg. Dei måtte ofte bu heimefrå igjennom skuleveka. Det kan vere blautt i myrane så ta på gode støvlar/vandresko. Me skal innom eit par utløer og det blir raster underveis.

Distanse: 6-7 kilometer. Vanskelighetsgrad: middels. Parkering ved den nye driftsbygningen ved fylkesvegen ved Grosås, ca 3 km vest for Birketveit.

Naturlos / kontaktperson: Håkon Honnemyr, 932 54 412 og Osmund Gaudestad

Vi følger nasjonale retningslinjer, holder en meter avstand og vil registrere hver enkelt.

Aktuell link

Kontaktinformasjon

  • Håkon Honnemyr, tlf. 932 54 412