Vi har fått tilsendt følgende pressemelding ifm arrangementet:
Det er behov for meir norsk produsert honning. Bier er gode og nødvendige til pollinering i frukt- og bærproduksjon i tillegg til at dei samlar honning. Det er plass til fleire bikubar i Setesdal – er dette noko for deg?
Torsdag 22. juni kl. 19.00 på Revsnes hotell kjem birøkter og styreleiar i Norges birøkterlag Marco Neven for å snakke om birøkt sine mogligheiter i Setesdal.
Fredag 23. juni starter vi kl. 10.00 med synfaring i ein bigard for å snakke meir om bier og moglegheiter for en bærekraftig næring. Program og besøk vil bli lagt opp på torsdag kveld etter påmeldte sine interesser. Turen er tenkt å vare fram til kl. 14.00. Påmelding fram til og med torsdag kveld 22. juni.
Velkomen til ei spanande samling.
Arr.: Setesdal regionråd i samarbeid med Otra birøkterlag og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder.
Påmelding til prosjektleder Ole Magne Omdal.