Bygdeborg og gamle tufter

Me møtest nord for Vatnestrøm, ved Borgjåsvegen ytst i Fjermedalen. Me gjeng opp til Heia, som var husmannsplass under Møkjåland frå 1872 til 1893. Derifrå til Skarkåsen, der Skarkesteinen er endestav for gardane Fjermedal, Haugland, Fjermeros og Møkjåland.

Derifrå opp på Borgjåsen, som er ei bygdeborg frå folkevandringstida, kring år 500 e.Kr. Til slutt gjeng me vidare til Hesteheia, der det var ein gard frå 1843 til 1908.

Heile turen er 5 - 6 km, og med ein del stigningar, og til dels i terreng utan sti. Men om det vert for stridt, er det mogeleg å berre vera med på fyrste del av turen.

Naturloser blir Finn Tore Homme og Aslak T Fjermedal (916 26 126)

Arrangør: Kulturkontoret
: Fjermedalen - Borgjåsvegen - 650 meter inn Fjermedalsvegen
Tid: søndag 20. august 12:00
Friluftsliv