Tomms afrikanske historier

Få nordmenn har brukt så mykje tid som Tomm
Kristiansen blant Afrikas folk - halve livet har
han brukt på å reise på kryss og tvers gjennom
kontinentet. Han har møtt høvdingar og
arbeidsledige, flittige kvinner og ungar - på
landsbygda og i store byar. I ein periode var
han óg rådgjevar for presidenten i Sør-Sudan.
Og på vegen har han samla historier.
Tomm Kristiansen vil fortelje historiene om
nokon av dei han har møtt i Afrika. Han vil
fortelje om livsviljen og livsvisdomen han har
opplevd i bushen og i storbyane på dette store
kontinentet. Sjølv om ikkje alle historier ender
godt, tør vi love ei uforglemmeleg time med
ein av NRK sine mest markante formidlarar.

Tomm Kristiansen er radioreportar, journalist
og forfattar. I over 30 år jobba han for NRK.
I to perioder var han korrespondent i Harare,
noko som ga han tilnavnet ”stemma frå Afrika”

Arrangør: Kulturkontoret
: Åkle kulturarena
Tid: torsdag 18. august 19:00
Kultur
https://no.wikipedia.org/wiki/Tomm_Kristia...