Festdag i hele kommunen:

17. mai på Iveland

Det ble en festdag fra morgen til sene ettermiddag i hele kommunen.

På våre facebook-sider vil du finne en video med både levende og still bilder fra gårsdagens jubeldag. Vi har lagt inn link i tilknytning til denne saken.

Vi presenterer her hovedpunktene i årets 17. mai tale som ble holdt av Aslak Fjermedal:

«Bygdefolk, godtfolk, nordmenn av forskjellig farge og etnisitet; til lukke med dagen alle saman! Me har mykje å feira! Me feirar at me er eit fritt sjølvstendig land, og me feirar korleis dette landet er».

Dei periodane me ikkje har vore frie og sjølvstendige: Okkupasjonen og dansketida.
I 1814 hadde det kome nye tankar om at nasjonar skulle vera sjølvstendige og at folket skulle styra. Det var dette som gjorde at me fekk 1814 og grunnlova. So gjekk det enno lang tid til 1905, då me blei heilt uavhengige av Sverige, men frå 1814 byrja arbeidet med å bygga landet, på alle område; i demokrati, i språk og kultur, i nærings- og arbeidsliv.
«Me kan remsa opp: Vasskraftutbygginga – med heimfallsrett, som sikra verdiane for framtida. Og straumnett ut til dei mest avsidesliggjande gardar. Den imponerande jernbanebygginga, med det eine enorme prosjektet etter det andre. Telefonliner over heile landet, på same vis som straum. Og det var vegbygging, - og gjenoppbygginga etter krigen.»

Bøndene og seinare arbeidarrørsla, har vor viktige i å  forme samfunnet som me kjenner det, med eit ordna arbeidsliv og velferdsstat.

Nokon kritiserer 17. mai-feiringa for å vera nasjonalistisk. Den positive nasjonalismen er at ein kvar nasjon skal ha same rett til å dyrka eige språk og kultur, utvikla økonomi og samfunnsliv, og styra seg sjølv på sitt eige territorium. Det er det motsette av negativ nasjonalisme, som er å meina at ein sjølv er betre enn andre, og har rett til å leggja andre land under seg. 17. mai er positiv nasjonalisme.
Men me må ogso vera klar over negative trekk i vårt eige land, t.d. overgrep mot den samiske nasjonen. 

Det er lett å feira fortida, det er vanskelegare, men ogso viktigare, å forma framtida. Utviklingstrekk som bryt med verdiar og mål då me bygde opp landet:
«Som eit fattig land la me telefonliner over alt. Det var viktig for samfunnet og for Televerket. No som me er rike er det viktigare for Telenor å tena pengar i u-land enn å syta for at alt folket fær mobildekning og breiband. Men kva er det som er viktig for samfunnet, for folket?».
I arbeidslivet ser me sosial dumping, meir bruk av vikarbyrå og færre faste stillingar.

Til slutt litt innom utanrikspolitikken:
Me feirar vårt eige sjølvstende, vår eiga nasjonsbygging - og utviklinga av demokratiet. Men kva med dei krigane me har vore med i no? Har dei ført til noko godt, har dei gjort nasjonar og folk friare? Eit fælt døme er Libya, som ligg i ruin og anarki, etter bombinga Noreg tok aktivt del i. 

Avslutta med eit dikt av gartnaren frå Ulvik, Olav H. Hauge. Det handler om det mellommenneskelege, men på same tid er det diktet handlar om, å bidra til fellesskapet, vera hjelpsam og ueigennyttig, eit viktig grunnlag for god politikk, og for det me feirar 17. mai:

Gjer ein annan mann ei beine:
 
Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa og ut til Øydvinstò.
 
Og han var raust
og baud betal.
Men osamannen var ikkje fal.
 
«Eg vil betala,
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.»
 
«Så gjer ein annan mann
ei beine då,»
sa osamannen
og skauv ifrå.

 Velkommen tilbake til en hyggelig 17. mai feiring i Iveland i 2018!

Aslak Fjermedal blomster 410x415
Tale for dagen ble holdt av Aslak Fjermedal

Kontaktinformasjon

Kulturleder Finn Terje Uberg
901-17842

Tilknyttede elementer

Tips en venn Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Rådmann Sten Albert Reisænen Kulturleder Finn Terje Uberg